

TA – Harald Olav Moen
”Blasfemisk, pornografisk og ei anti-Krist-haldning”.
Kva er det for ein søppelmakar av ein kunstnar i Rauland som trur han kan få pengar av kommunen til å halde fram med slikt – sjølv om han kallar det kunst?
Øyvind Johnsen ser med undring på karakteristikken av det han lagar. Med argblanda undring. Han kjenner seg ikkje att.
Det var Reidar Gjøtterud, lækjar og representant for Kristeleg Folkeparti i Vinje som ga ovannemnde karakteristikk av det grafikaren lagar.
Utgangspunktet var at Johnsen hadde søkt kommunen om eit tilskot til bygging og innreiing av ein grafikkverkstad.
– Porno-grafikar? freistar me skjemtsamt.
Kunstnaren ler ikkje. Tykkjer ikkje det er morosamt.
– Det er latterleg. Eg vert opprørd.
Den milde og lågmælte vestlendingen veit nesten ikkje om han skal le eller gråte.
Me går saman gjennom det han har laga – og vil stå ved.
Med freistar finne noko som kan karakteriserast som pornografi. Kunstnaren veit det ikkje er lett. Han tek avstand frå pornografi.
– Kan det vera dette tru?
I ei imaginær uterus smeltar sædceller saman med eggcella – liv vert til.
Pornografi?
– Eg har lag eit bilete som syner eit nakent par, men pornografi. Dersom nokon oppfattar dette som pornografi, ja, då skal det ikkje mykje til for å hissa dei opp.
Intervjuaren må berre seia seg samd.
_ _ _
Øyvind Johnsen satsar no for fullt som grafikar og teiknar. Etablera er han alt i ferd med å verta. Talentet er det ingen som tvilar på – korkje som grafikar eller teiknar.
– Men attende til karakteriseringa.
– ”Pornoen” er me vel ferdige med. Men det var dette med blasfemi, eller gudsspottande. Nei, det er eg heller ikkje.
– Men anti-kristeleg er du?
– Ja, i mi personlege haldning. Er gjer åtak på den kristne trua. Eg kritiserer og rettar spørsmål om den kristne overtrua. Eg har laga to bilete der eg freistar å gjeva uttrykk for kva eg meiner med dette om kristen overtru. Eg har etter kvart vorte irritera over den intoleranse som mange som kallar seg kristne syner – ikkje minst overfor dei som ikkje har eit kristeleg livssyn. Eg gjer og åtak på dei som trur dei kan kjøpa seg til evig liv. Eg gjer dette mellom anna avdi eg meiner me syner for stor respekt for trua til desse menneska. Me er på ein måte redde for å trakke dei på tærne.
Johnsen talar seg varm om dette. Han er engasjera, men førebels har det berre kome til uttrykk i to bilete . . . av mange.
– Motiva mine er krig og vald, lengting, kjærleik, forelsking, tilhøve mellom menneske – natur. Spekteret er vidt.
_ _ _
Eg ser ikkje på meg sjølv som nokon stor kunstnar – eller som ein viktig person. Eg søkte om kommunal stønad avdi eg skal etablera ein arbeidsplass i kommunen.
Nemner me Øyvind Johnsen, kjem me ikkje utanom Tone.
Ekteparet delar på arbeidsdagen. Bornestell og pass halv dag for båe og halv dag i keramikkverkstaden eller i arbeidsrommet.
Tone og Øyvind har budd i kommunen sidan 1969 – fyrst i Bøgrend. For fire år sidan flytta dei til Haddland i Rauland og bygde hus og keramikkverkstad. Tone er sokalla ”etablera” – og er hovudforsørjar i dag.
Øyvind Johnsen har arbeidd med noko av kvart sidan han kom til Vinje: Journalist (TA sin dyktige mann i kommunen), hjå Petter Omtvedt og sist hjå Nestestog. Men det siste året har det vore grafikk og teikning. Grafikk om vinteren og teikning om sommaren.
_ _ _
Harde ord frå K.F. eller ikkje. Det var 21 av 29 kommunestyrerepresentantar som ville gje Øyvind Johnsen eit starttilskot og trygd for eit lån. Det vanka god-ord og, so utgangspunktet burde vera godt for den seriøst arbeidande og talentfulle kunstnaren.
Det er mange som ynskjer han lukke til!






